LOKASJON

Soløy i Brandasund

Lokaliteten Soløy ligg heilt vest i Fitjar kommune, aust for Brandasund i Bømlo. På denne lokaliteten har me fem runde plastmerdar og ein fôrflåte. Denne lokaliteten tok ein over i 2006.
Lokaliten er godt skjerma for storhavet utanfor, men byr på god gjennomstrømming og fine tilhøve for oppdrett av laks.

Løyvet på denne lokaliteten er på inntil 2340 tonn ståande biomasse. Som regel er det to personar som jobbar på denne lokaliteten.

Like aust for Brandasund i Bømlo kommune ligg lokaliteten Soløy.

Arbeidsbåten er eit viktig redskap i den daglege drifta. Då kan det også bli tid til ein liten drøs.

Nokre auser med fôr gir røktaren ein måte å sjekka fisken sin aktivitet og om han et fôret.

Notvasking er viktig for å sikre god gjennomstrømming av sjøvatn. Her blir notvaskaren heist ombord i arbeidsbåten etter vasking.

© Fylkesnes Fisk AS. Nettsider utvikla av Sydvest.