Open Søknad

Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i setjefiskproduksjon, slakting og forskingsarbeid.

 

Me er alltid interessert i å komma i kontakt med dyktige medarbeidarar som: 

DRIFTSOPERATØR / RØKTAR

Du må ha interesse for oppdrett av fisk, lika frisk luft og villa ha sjøen som arbeidsplass. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er dagleg fôring og røkt av fisk, samt drift og vedlikehald av anlegg og utstyr.

Dersom du har relevant utdanning eller erfaring frå havbruk, så er det ein fordel. Me ser gjerne også at du har biologisk kunnskap og interesse for fôring av fisk.

Av personlege eigenskapar ønskjer me at du har evne til å stå på, ønskjer å læra nye ting og er ein lojal og positiv bidragsytar i arbeidslaget.

 Du må vera ryddig, strukturert og kunna arbeida sjølvstendig, og samtidig ha gode samarbeidsevne.

 

Arbeidsplass vil variera i periodar etter kvar me har utsett fisk, enten på lokalitet ut frå basen vår på Fylkesnes, Brandasund, Rubbestadneset eller Leirvik.

 

 Send søknaden din til post@fylkesnesfisk.no.

Oppstart etter avtale.

 

Spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Erik Fylkesnes på telefon 905 83 355.

 

 

 

 

 

 

Søk læreplass hos Fylkesnes fisk!

Fylkesnes fisk inviterer deg som har fullført VG2 Akvakultur til å søkja på lærlingplass hos oss. Her får du moglegheit til å læra faget og trivast på jobb med sjøen som arbeidsplass. 

Ny elbåt: Betre for både tilsette og fisken

Viktig bidrag til det grønne skiftet i havbruksnæringen: Sletta Verft overleverer hybridelektrisk arbeidskatamaran til Fylkesnes Fisk. Båten representerer et nytt produkt for Sletta Verft og fremdriftsanlegget er utviklet i nært samarbeid med Elmarin AS i...

– Mann over bord!

Gode kollegaer i oppdrettsnæringar var samla på Alvsvåg på onsdag, då ein av kollegaene plutseleg fall i sjøen. Vinden var stri og bølgjene krevjande å kjempa imot, sjølv om det enno er tidleg på hausten. Kaien på staden er høg og det var tilnærma umogleg å komma seg...