Gode kollegaer i oppdrettsnæringar var samla på Alvsvåg på onsdag, då ein av kollegaene plutseleg fall i sjøen. Vinden var stri og bølgjene krevjande å kjempa imot, sjølv om det enno er tidleg på hausten. Kaien på staden er høg og det var tilnærma umogleg å komma seg opp frå sjøen åleine.
Heldigvis var dette ei planlagt hending, som var del av eit beredskapssamarbeid mellom Bømlo brann og redning, Fremskridt laks og Fylkesnes fisk. Oppdrettsselskapa var med å finansiera den nye redningsbåten «Spleis» og har fått eit godt privat-offentleg samarbeid med Bømlo Brann og redning.
– Alle som har havet som arbeidsplass veit at det er risiko knytt til arbeidet, og då er det viktig å gjera denne så liten som mogleg, seier Erik Fylkesnes, dagleg leiar i Fylkesnes fisk. – Bevisstgjering, risikokartlegging og øving er viktige faktorar for å få ned risikoen for å få ei uønska hending.
– Våre tilsette er vår definitivt viktigaste ressurs, og me må gjera alt me kan for å halda dei trygge på jobb, legg Bernhard Espevold til. Han er dagleg leiar i Fremskridt laks som held til på Alvsvåg.
– Dette er eit bra initiativ og det er knallkjekt å få jobba med dåke! Brannsjef Ove Halleraker er alltid like engasjert, og strålar når han får læra bort både teoretisk kunnskap om risikohandtering, og praktiske tips om uhellet skulle vera ute. Det er kunnskap som kan vera livreddande i ein kritisk situasjon.
Brannsjef Ove og beredskapsleiar Frode Sagvaag lærte røktarane mellom anna noko som heiter Hoels metode. Ved bruk av stige og tau kan ein nytta krafta i dreiemomentet til å heisa opp personar som har falle i sjøen. – Det er ein svært effektiv måte å få opp den som har hamna i sjøen, og ein treng berre utstyr som ein ofte har tilgjengeleg på arbeidsplassane, seier beredskapsleiaren.
– Det var utruleg bra å få øva på dette saman med Bømlo Brann og redning, seier Linn Kristel Alvsvåg, lokalitetsansvarleg i Fremskridt Laks. – Vinden såg ikkje så sterk ut frå land, men det var faktisk ganske krevjande å symja i sjøen. Som kollegium er me no enno meir bevisste, har oppdatert kunnskap og fått kjent på kroppen kor fort me blir tappa for krefter om me hamnar i sjøen.
– Regelmessige øvingar er viktig for å halda fokuset på god HMS, og me er veldig glad for eit godt samarbeid med Bømlo Brann og redning, avsluttar Jorunn Rolfsnes, kvalitetssystemansvarleg i Fylkesnes fisk.
Fremskridt laks og Fylkesnes fisk har til saman om lag 30 tilsette som jobbar på sju ulike oppdrettsanlegg rundt Bømlo og i Hardangerfjorden. Førebyggjande HMS-arbeid er ein viktig del av arbeidskvardagen.




