Ledige stillingar: Driftsoperatørar akvakultur

Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i brønnbåtselskap, slakting og forskingsarbeid.

 Me treng fleire dyktige medarbeidarar og søkjer difor etter

 

DRIFTSOPERATØRAR AKVAKULTUR / HAVBRUKSTEKNIKK

Me er på jakt etter deg som ønskjer ein variert og fysisk arbeidskvardag, vil ha sjøen som arbeidsplass og gjerne har interesse for oppdrett av fisk.

Stillingane vil vera varierte og dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
– dagleg arbeid på oppdrettsanlegg med fôring og røkt av fisk.
– delta på havbruksoperasjonar som notskifte, avlusingar, ROV-handtering, mm.

Det viktigaste er at du er omgjengeleg, lærevillig og interessert. Du har gjerne bakgrunn frå akvakultur eller tekniske fag, og har førarkort for bil. Andre kurs er eit pluss (t.d. D6, kran, truck).

Me vektlegg gode samarbeidsevner, HMS-haldning og evne til å jobba sjølvstendig. Noko arbeid blir det på kveld, helg og natt – og det kan verta på kort varsel, så fleksibilitet er viktig.

Arbeidsplass vil i hovudsak vera ut frå våre lokalitetar nord og vest på Bømlo. Me legg vekt på ryddige arbeidsforhold med gode personalordningar og regelmessige sosiale arrangement.

Arbeidstidsordning er ordinær arbeidstid (08-16), med noko forskyving til kveld, helg og natt ved operasjonar. Den tilsette må kunna nytta norsk som arbeidsspråk. 

Send søknad til ­post@­fylkesnesfisk.no snarast og seinast innan 11. mai 2025. Oppstart etter avtale.

Spørsmål? Kontakt dagleg leiar Erik Fylkesnes på tlf. 905 83 355.

 

 

 

 

 

 

Sjå korleis det er å jobba hos oss:

Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i brønnbåtselskap, slakting og forskingsarbeid.

Me treng fleire dyktige medarbeidarar og søkjer difor etter

DRIFTSOPERATØRAR AKVAKULTUR / HAVBRUKSTEKNIKK

Me er på jakt etter deg som ønskjer ein variert og fysisk arbeidskvardag, vil ha sjøen som arbeidsplass og gjerne har interesse for oppdrett av fisk.

Stillingane vil vera varierte og dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
– dagleg arbeid på oppdrettsanlegg med fôring og røkt av fisk.
– delta på havbruksoperasjonar som notskifte, avlusingar, ROV-handtering, mm.

Det viktigaste er at du er omgjengeleg, lærevillig og interessert. Du har gjerne bakgrunn frå akvakultur eller tekniske fag, og har førarkort for bil. Andre kurs er eit pluss (t.d. D6, kran, truck).

Me vektlegg gode samarbeidsevner, HMS-haldning og evne til å jobba sjølvstendig. Noko arbeid blir det på kveld, helg og natt – og det kan verta på kort varsel, så fleksibilitet er viktig.

Arbeidsplass vil i hovudsak vera ut frå våre lokalitetar nord og vest på Bømlo. Me legg vekt på ryddige arbeidsforhold med gode personalordningar og regelmessige sosiale arrangement.

Send søknad til:
­post@­fylkesnesfisk.no
snarast og seinast innan 1. mai 2025. Oppstart etter avtale.

Spørsmål? Kontakt dagleg leiar Erik Fylkesnes på tlf. 905 83 355.

Sjå korleis det er å jobba hos oss:

Open Søknad

Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i setjefiskproduksjon, slakting og forskingsarbeid.   Me er alltid interessert i å komma i kontakt med dyktige medarbeidarar som: ...

Ny elbåt: Betre for både tilsette og fisken

Viktig bidrag til det grønne skiftet i havbruksnæringen: Sletta Verft overleverer hybridelektrisk arbeidskatamaran til Fylkesnes Fisk. Båten representerer et nytt produkt for Sletta Verft og fremdriftsanlegget er utviklet i nært samarbeid med Elmarin AS i...

– Mann over bord!

Gode kollegaer i oppdrettsnæringar var samla på Alvsvåg på onsdag, då ein av kollegaene plutseleg fall i sjøen. Vinden var stri og bølgjene krevjande å kjempa imot, sjølv om det enno er tidleg på hausten. Kaien på staden er høg og det var tilnærma umogleg å komma seg...
X