Ledig stilling: Lokalitetsansvarleg

Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i setjefiskproduksjon, slakting og forskingsarbeid.

Me treng fleire dyktige medarbeidarar og søkjer difor etter

LOKALITETSANSVARLEG MATFISKANLEGG

Me er på jakt etter ein lokalitets­­ansvarleg for våre anlegg i Hiskosen.
Den lokalitetsansvarlege har det over­ordna ansvaret for produksjonen på anlegga, i tett samarbeid med dagleg leiar.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er å organisera dagleg fôring og røkt av fisk, følgja opp produksjonen på anlegget og sørga for drift og vedlikehald av anlegg og utstyr.

Me søkjer deg som har nokre års erfaring som røktar på mat­fisk­anlegg og helst har fagutdanning innan akva­kultur.

Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å få teamet på lokaliteten til å jobba godt saman.

Av personlege eigenskapar ønskjer me at du står på, er fleksibel, strukturert og lærings­villing, og at du er ein lojal og positiv bidragsytar i arbeidslaget.

Arbeidsplass vil i hovudsak vera på lokalitet ut frå basen vår på Fylkesnes, på Bømlo, men kan variera etter produksjonen.

Spørsmål og søknad sender du til ­post@­fylkesnesfisk.no snarast og seinast innan 15. desember. Oppstart etter avtale.

Me ser fram til å høyra frå deg!

Ledig stilling: Teknikar

Er du interessert i teknologi og har lyst å jobba innanfor havbruk? Me søkjer etter teknikar til ein allsidig arbeidskvardag.

Ny elbåt: Betre for både tilsette og fisken

Viktig bidrag til det grønne skiftet i havbruksnæringen: Sletta Verft overleverer hybridelektrisk arbeidskatamaran til Fylkesnes Fisk. Båten representerer et nytt produkt for Sletta Verft og fremdriftsanlegget er utviklet i nært samarbeid med Elmarin AS i...

– Mann over bord!

Gode kollegaer i oppdrettsnæringar var samla på Alvsvåg på onsdag, då ein av kollegaene plutseleg fall i sjøen. Vinden var stri og bølgjene krevjande å kjempa imot, sjølv om det enno er tidleg på hausten. Kaien på staden er høg og det var tilnærma umogleg å komma seg...