Lokalitet Nebbo

LOKALITET

Nebbo

Lokaliteten ligg fint til nord for Husnes i Kvinnherad med storslått og vakker natur som ramme. På denne lokaliteten har me samlokalisering med Lingalaks. Her disponerer me fire åttekanta stårmerdar medan Lingalaks har to firkanta stålmerdar.
Lokaliteten blei etablert i 2006 saman med Lingalaks. Til dagleg er det to lokalt tilsette som har arbeidet sitt her. Løyvet på lokaliteten er på inntil 2340 tonn ståande biomasse.

Lokaliteten Nebbo ligg vakkert til nord for Husnes i Kvinnherad.

Ved fôring er det viktig å følgja nøye med på kameraovervåkinga, slik at tøktaren kan følgja med på fisken sin appetitt.

Røktarane tek hyppige rundar på merdkanten for å sjekka at alt er i orden.

Det er lenge sidan me slutta med handfôring, men det er fortsatt ein god måte å sjekka fisken sin appetitt.

© Fylkesnes Fisk AS