Historie

Oppdrettseventyret på Bømlo starta tidleg på 60-tallet med nokre framsynte karar som starta forsøk i det små. Ein av desse var Lars Johan Fylkesnes, som i 1964 stengde av ein våg på austsida av Fylkesneset og sette ut aureyngel i vågen.
Dette var gjort i samarbeid med to grunneigarar. Etter ei stund trakk den eine grunneigaren seg ut og Knut Thorsheim kom inn på eigarsida. Han tok over drifta medan Lars Johan reiste på ringnotfiske. Thorsheim flytta oppdrettet til Lyngneset og dreiv med laks i nokre år.

I 1985 opna det seg mulegheit for å re-etablera seg med fiskeoppdrett. Lars Johan kunne dokumentera at han hadde drive med fiskeoppdrett på 60-talet og fekk tildelt konsesjon basert på gamle rettar.

I starten var det aure som vart produsert, men etter kort tid gjekk ein over til laks, og sidan har selskapet berre produsert laks. Etter nokre år kjøpte Fylkesnes Fisk saman med naboselskapet Fremskridt ein konsesjon av Ådnanes Laks som dei delte. Ved neste konsesjonsrunde kjøpte dei ein ny konsesjon saman. Fylkesnes Fisk hadde då to konsesjonar. Den tredje konsesjonen vart kjøpt av Selsøy Fiskeoppdrett i Brandasund.

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.

Historiske milepælar

1964
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

1970
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

1976
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

1985
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

1991
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

1997
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

2004
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

2009
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

2014
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit.

© Fylkesnes Fisk AS. Nettsider utvikla av Sydvest.