Kvalitetsfisk frå vestlandskysten
Eit solid familieselskap

Soløy i Brandasund
Lokaliteten Soløy ligg heilt nord i Bømlo kommune, aust for Brandasund. På denne lokaliteten har me fem runde plastmerdar og ein fôrflåte. Denne lokaliteten har vore i drift sidan 2000.
Ospøy
Lokaliteten ligg ved leia mellom Bømlo og Fitjar/Stord, og har fire merdar. Denne lokaliteten vert drifta saman med Soløy.
Hiskholmen
Lokaliteten Hiskholmen ligg heilt vest i havet ved Hiskosen i Bømlo kommune. Den ble etablert i 1991 og har vært en svært god lokalitet for oppdrett av laks.
Lelandsholmen
Lokaliteten Lelandsholmen ligg i Hiskosen på vestsida av Bømlo kommune. Lelandsholmen ligg i samme område som Hiskholmen og blir drifta i lag med denne.
Husnes
Lokaliteten Nebbo ligg fint til nord for Husnes i Kvinnherad med storslått og vakker natur som ramme. På denne lokaliteten har me samlokalisering med Lingalaks. Her disponerer me fire åttekanta stårmerdar medan Lingalaks har to firkanta stålmerdar.
Produksjon

SETTEFISK

MATFISK

SLAKTING
Kvalitet
Fylkesnes Fisk legg vekt på kvalitet i alle ledd av produksjonen. Målet er å produsera kvalitetslaks av beste sort. For å oppnå dette er det viktig med god fiskevelferd. Fylkesnes Fisk har gjennom åra teke del i mange forskingsprosjekt for å utvikla norsk lakseoppdrett vidare. Utfordringa er å driva lakseoppdrett så bærekraftig som mulig.
I Fylkesnes legg me også stor vekt på at anlegg og utstyr skal vera robust og skikkeleg. Godt og førebyggande vedlikehald er viktig. Fram til no har Fylkesnes Fisk ikkje hatt rømming av fisk.
Alle våre lokalitetar er sertifisert etter den strenge Global G.A.P.-standarden. Dette er ein standard som har ei heilskapleg tilnærming til mattryggleik, fiskehelse og -velferd, miljømessig berekraft og biologisk mangfald, produksjonsprosessar, openheit og rettigheitar for tilsette.
Me har eige mobilt slakteri som kan berga svak fisk som ikkje toler transport med brønnbåt. Dette også oppfyller krava i Global GAP.
Vårt GGN-nummer er 4063061969279 (sertifikat)
Kontakt oss
Fylkesnes Fisk AS
Fylkesnesvegen 164
5430 Bremnes
Erik Fylkesnes
Dagleg leiar
+47 905 83 355
Rune Fylkesnes
Driftsleiar
+47 915 64 392
Marius Økland
Administrasjonsleiar
+47 909 97 532
Les om selskapet sitt arbeid om openheitslova, i vår rapport for 2022.
© Fylkesnes Fisk AS